Gamle Nes

Dette er eit spesielt område i sentrum av Nesbyen som har ei spennande historie.

Gamle Nes var det opphaveleg sentrum i bygda. Her vart det bygd stavkyrkje på 1200-talet. Kyrkja vart riven i 1864, men staden er teken vare på og stavkyrketomta er markert.

Men her er spor frå endå eldre tider, ein gravhaug på garden Arnegard. Gardsnamnet Onsgard fortel om at i Nes dyrka dei guden Odin ( i Gol finn ein igjen Frøy og i Hemsedal Ull i gardsnamn), det kan tyda på at Nes tidleg var eit sentrum i Hallingdal.

Her ligg gardar med namn som Arnegard, Onsgard, Havarsgard, Tollefsgard, Grimsgard, Olsgard og Devegge. Gardstuna var plassert nær elva Rukkedøla som renn gjennom området, medan jordene låg spreidd utover Nesflata. Denne strukturen syner enno og gjev Nesbyen preg av ein landsby eller ein dorf som ein finn oftare sørover i Europa.

I gamle Nes finn ein mange gamle tømra hus, dei eldste kanskje heilt frå mellomalderen, men hovudtyngda er store tømrahus frå 1800-talet. Det var her kjøpmenn og embetsfolket som sorenskivar og prest, budde.

Langs Rukkedøla utvikla det seg med tida små industribedrifter som nyttegjorde seg vatnet og vasskrafta. Her var det fleire møller, den siste var i bruk til 1960-åra og er no restaurert og eigd av Hallingdal Museum. Det var sager, stamper og fargeri.