|
På Nesbyen kan du ta ein tur på Hallingdal Museum med mange flotte gamle hus og eit spennande uteområde langs elva Rukkedøla.(Sjå biletet av mølla). I Gardnos meteorittkrater kan du vandra i eit 650 mill år gamalt krater, og etterpå ta turen langs den gamle postvegen. Både i og rundt Nesbyen er det mange muligheter for fotturar, på eiga hand eller med guide. I fjellet kan me friste med alpinsenter, golfbane og milevis med skiløyper. I Hallingdalselva og dei mange fjellvatna er det fint å fiske. Nesbyen har varmerekorden i Norge, og skogstjernet Trytetjern er ein herleg badeplass! Det er kort veg til Langedrag Naturpark ved Tunhovd (Sjå biletet av kje) og Vassfaret Bjørnepark i Flå (Sjå biletet av bjørn). Nesbyen har fleire store populære arrangement på sommarstid -som Hallingmarken og Kjerringtorget. Gå til lenkesida vår og finn web-adressene for meir informasjon. Både på www.nesbyen.no og www.eventyrveien.no ligg det forslag på turar og aktivitetar.
|
||||