Gardshistorie

Tollefsgard, i dagleg tale kalla Tøllisga, er ein svært gamal gard, nemnd første gang i 1514.

Garden ligg i gamle Nes som er ein del av Nesbyen sentrum.

Garden var opphaveleg del av ein større gard, den gamle opphavsgarden i Nes. Like ved låg den gamle stavkyrkja frå 1200-talet som var riven i 1864.

På 1700-talet vart tunet på garden delt i to, for så å bli samla til eit tun igjen sist på 1800-talet.

I dag er nabogarden Haversgard, som blir kalla Havasga, og ein del av dette tunet.

Dette gjer at det er svært mange gamle hus samla på ein plass.

Våningshuset i Haversgard er ein gamal tømmerbygning opphaveleg bygd i ei høgd på 1600-talet, men ombygd til to høgder på 1800-talet. I tillegg har huset eit påbygg som har vorte heitande sakrestiet. Denne delen skriv seg nemleg frå den gamle stavkyrkja. Då stavkyrkja vart riven, vart ein del av materialane spreidd rundt på gardane. Ein veng av kyrkja vart påbygg på huset i Haversgard. På 1800-talet vart det drive fargeri i Haversgard og fargaren budde her, difor vart våningshuset kalla Fargarbygningen, eit namn som framleis er i dagleg bruk.

Til garden høyrer 3 gamle stølar, Skreddarstølen i Nes, og Lien og Ulerud i Nore og Uvdal.

To av dei gamle hallingstovene i tunet er restaurerte og vert leigde ut i samband med gardturisme. Det er Gamlestugu bygd om lag 1840 og restaurert i 1998, og  Eldhuset bygd på slutten av 1800-talet, restaurert i 2002.